Via ferrata i Loen er blitt eit mektig populært tilbod for turistane, og Erik Brendefur i Loen Active reknar med at så mange som nærare 2.000 har vore gjennom stien og den luftige brua denne sesongen.

-Vi registrerte at dei første gjekk stien 25. mai i år, og den siste gruppa med førar gjekk gjennom 26.oktober. Vi veit også at det var røynde folk i stien på eige ansvar så seint som i midten av november.

-Kva fekk hengebrua å seie for aktiviteten?

-Enormt og vi kom totalt opp i dobbelt så mange besøkande denne sommaren som i fjor. Brua vart offisielt opna 24. august, og i haust var det stor pågang. Av dei som besøkjer Via ferrata, leiger omlag halvparten både utstyr og førar, den andre halvparten leiger utstyr, men guidar seg sjøve.

-Med andre ord ein god sesong for Loen Active?

-Ja, også i helga står skøytebana der. Hotel Alexandra stenger elles ned førstkomande helg og opnar att med fullt belegg frå 3. juledag, seier Erik Brendefur.