Teiknaren Ann-Elen Paulen Drageset (19) frå Innvik og skiskyttaren Jarle Midthjell Gjørven frå Stryn (20) vart torsdag heidra med Stryn kommune sitt kulturstipend på kr. 6.000 kvar under julemiddagen for Stryn kommunestyre. Dette skjedde utan at dei to kunne vere til stades. Mor til Ann-Elen, Bente Drageset møtte for å motta prisen til dottera, og for Jarle møtte foreldra Hildegunn og Jan Egil.

Ann-Elen går på linja for Interiør og Arkitektur ved folkehøgskulen i Sandefjord, og hadde ennå ikkje fått juleferie. Jarle er framleis i Italia der han i morgon går fellesstart i Universiaden. Torsdag lukkast det Fjordingen å få kontakt med begge på telefonen for ein kommentar.

-Det var uventa, men veldig kjekt å få stipendet. Eg veit ennå ikkje kva pengane skal nyttast til, seier Ann-Elen som no gler seg til juleferie heime i Innvik.

-Blir det teikning også i jula?

-Eg har med så mykje bagasje at det neppe blir plass for teikneutstyret, seier ho. Interiør og arkitektur har ho fått smaken på, og høgskule i desse faga blir neste steg.

Ann -Elen har fleire gonger vore i fylkesfinalen i UKM med sine teikningar. Neste år har ho siste sjanse og veldig lyst til å kome til landsfinalen.

Jarle Midthjell Gjørven seier han takkar hjarteleg og set stor pris på å få eit slikt stipend.

-Det kostar mykje å drive idrett. Også reisene er kostbare, som no til Italia. Pengane kjem godt med, seier stryningen som har markert seg som Norge sin bestemann i skiskyting under konkurransane i Val di Fiemme. Tidlegare har han markert seg med fleire sigrar i junior-NM, pallplassar i norgescupen og hospitering på juniorlandslaget.