Helge "162" Hafsås

Helge Hafsås under Ålesund nyttårsmaraton, på veg til sin siger nr. 162. (Foto: Kondis).

Nyhende

162 er talet på maratonsigrar som Helge Hafsås no er oppe i, etter laurdagens triumf i Ålesund nyttårsmaraton.

Hafsås var aldri truga i kampen om førsteplassen, og vann komfortabelt på tida 2.50.44. Ole Rosengren vart nummer to, i overkant ti minutt bak løparen frå Olden IL.

Lovande 14-åring

Den 14 år gamle hollendaren Youri van der Werve, som spring for Hornindal IL, gjennomførte ein sterk halvmaraton på tida 1.42.18. Det plasserte han i øvste halvdel av resultatlista som talde 92 løparar.

Inge Asbjørn Haugen gjennomførte sin 463. maraton laurdag.