Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal IL vann si klasse i Spirit halvmaraton laurdag. Løpet gjekk i kuling langs Solastranda i Rogaland, og verforholda førte mellom anna til at enkelte førehandspåmelde ikkje rekte fram til start på grunn av innstilt ferje, fortel Spirit friidrett på si nettside.

Men det var likevel 161 som stilte til start, og for dei som ikkje sprang åleine i tet vart ikkje vinden så ille som forventa, opplyser friidrettsklubben frå Stavanger.

Inge Asbjørn Haugen vann klasse M 60-64 på tida 1.50.34.

John Henry Strupstad hadde bestetid på halvmaraton med 1.10.01, medan Elise S. Mosvig var best i dameklassen med 1.19.03.