-Mange hadde vore i brannruinane i eitt døgn. Det var godt å gje dei avlasting, seier leiaren i Vikane Røde Kors Hjelpekorps, Cato Reme. Saman med fem andre frå Vikane deltok han natt til måndag i brannobservasjon og vakthald på Lærdalsøyri.

-Korleis var opplegget?

-Det var viktig å hindre folk i å kome inn. Det var sett ut 12-15 postar med to vakter på kvar post. Vi avslutta vår jobb etter 12 timar måndag morgon.

-Blussa brannen opp igjen?

-Berre få tilfelle. I tillegg til omlag 50 vakter frå hjelpekorps i heile fylket, var brannfolka og Sivilforsvaret på plass i brannruinane, seier Reme.

-Korleis opplevde du det du såg?

-Som alle andre, forferdeleg og tragisk.