-Vi har høgt fokus på linjeryddinga som er ei stor utfordring for Stryn Energi. Vi skal vere glade for at branntilløpet i den sterke vinden på Rake ikkje skjedde på natta, seier energisjef Jan Træen.

Etter godt to timar laurdag føremiddag hadde bebuarane mellom Stryn og Loen fått tilbake straum og vatn.

-Mange på Rake gjorde det klart at sterke krefter må setjast inn i lineryddinga?

-Ja, vi har og skal ha dette på dagsorden, og det handlar mykje om kva vi oppnår med grunneigarar. Gamle grantre kan bli 25 meter høge når desse ikkje vert felte. Det er eit trugsmål, og då må det breie hogstgater til. Med ny linje i Oldedalen fekk vi til avtale med grunneigarane om 50 meters brei gate. 30 meter på oversida av linja og 20 meter under.

-Stryn-Loen er ei viktig linje med stor forsyning når NK er i drift. Vi har linjerydding no mellom Heggdal og Utvik og vi har eit godt samarbeid med skogeigarlaget. Det blir også leigd inn spesialfirma der det er ekstra vanskeleg tilgjengeleg, slik som på Strand for ei tid sidan, seier Træen.

Hans Olav Bøe var ein av dei som slo alarm først laurdag morgon. Han var på veg til jobb på Moldereim for Stryn Energi då han oppdaga røyken på Rake og returnerte dit. Saman med Knut Årnes gjekk dei i spissen for å fjerne grantrea frå linja.

Store bøter vart svidd av i den sterke vinden før brannmannskapa fekk kontroll (Foto: Ove Sveen)