Januar 2014 går over i historia som uvanleg tørr og mild i vår del av landet. Mellom dei fire målestasjonane iindre Nordfjord, er det innvik som har alle minst nedbør.

- Det vart målt 7,1 millimeter i Innvik, 10,8 millimeter i Stryn (Kroken), 11,8 millimeter i Oldedalen og 15,1 milimeter i Hornindal, opplyser statsmeterolog Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga på Vestlandet til Fjordingen.

Kontrasten til førre månad, er stor. I desember 2013 vart det målt 327 millimeter nedbør i Stryn.