Innvik bygdekvinnelag har, i samarbeid med Gaupa 4H, arrangert to matkurs i vinterferien. Dei støttar såleis sterkt opp om Noregs bygdekvinnelag sin kampanje for sunn matglede.

Målgruppa er barn og unge i samarbeid med vaksne. Bygdekvinnelaget vil formidle kunnskap og kompetanse om sunn matglede til born over heile landet.

Kurset set fokus på matglede og ynskjer å lære born om sunn, enkel og næringsrik mat.

Borna i Innvik viste på kurset stort engasjement og var ivrige i matlaginga. Det vart laga grove klappekaker (scones), grønsaksuppe og fruktsalat med vanilje-kesam. Mykje positiv tilbakemelding både frå born og vaksne.

-Vi kjem til å arrangere fleire kurs i løpet av året, når vi får tilgong på meir lokale råvarer. Vi utfordrar alle bygdekvinnelag i kommunen til å gjere det same, seier Ingvild Johansen og ønskjer stor matglede til alle.