Vangbergstunnelen er det rette namnet på den nye tunnelen mellom Ugla og Skarstein. Det meiner Trongeråsa grunneigarlag.

Statens vegvesen ber Stadnamntenesta på Vestlandet vurdere namn på dei tre tunnelane på fv 60 Olden - Innvik. Holentunnelen er allereie skilta. Når det gjeld Agjeldtunnelen, har det kome innspel på den bør få namnet Agjeldstunnelen.

For den siste tunnelen mellom Ugla og Skarstein, ber Statens vegvesen om vurdering av tre alternativ: Geilanetunnelen, Nevrehammartunnelen og Uglatunnelen.

Men her er Trongeråsa grunneigarlag av ei anna oppfatning. Dei vil ha namnet Vangbergstunnelen.

- Garden Vangberg består av tre bruk. Namnet er godt kjent lokalt og også nytta som familienamn. Som etternamn finst det skrive med og utan g i Vang-, men som stadnamn er det semje om skrivemåten som er nytta på kart, med g i Vang- skal nyttast. På same vis som for Agjeld blir det her lagt til ein s i samansette namn, slik som Vangbergsneset, Vangbergselva og Vangbergsnausta. Ut frå dette blir rett skrivemåte Vangbergstunnelen, konkluderer Trongeråsa grunneigarlag.