Markane IL og Ullsheim tek over helgas krinsrenn og KM i skiskyting som etter planen skulle gått i Volda. Dette vart bestemt i går kveld.

-På grunn av ein snøfattig vinter med veldig få renn tek vi på oss dette arrangementet på såpass kort varsel, sidan vi har forhold som gjer det muleg å avvikle renn, seier Monica Halsteinslid frå Markane IL.

Laurdag er det krinsrenn sprint, medan søndag er det krinsmeisterskap i fellesstart.