Laurdag 29. mars klokka 20.30 skal byar, kommunar, bedrifter, organisasjonar og enkeltpersonar over heile verda sløkkje lyset ein time for klimaet, fortel Lin Hjelmeland Finjord, fylkessekretær for Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

- Earth Hour er ei verdsomspennande, symbolsk markering. Alle med tilgang til ein lysbrytar kan bidra. Kampanjen er eit globalt og visuelt uttrykk for folk si vilje og evne til å stå saman mot klimaendringane, seier Finjord.

- Når vi sløkkjer lyset i ein time, vert vi klare over overforbruket vårt og godene vi har, og vi får tid til ettertanke. Ein tanke vi trur vil bli teken med inn i kvardagen. Sjølv ei lita endring hos den enkelte vert stor når vi står mange saman, seier Lin Hjelmeland Finjord.