I påska opnar den store utstillinga "SABOTasje" i Innvik Gamle Ullvarefabrikk. Ein av tekstilkunstnarane som deltek,  Kristina D Aas, busett i Utvik, skal også delta på ei stor, internasjonal utstilling av samtidskunst i Danmark. Jacquardvevteppet ho viser på Forårsudstillingen i København har fått tittel ”Draperi” og er vevd hos Innvik Sellgren AS i Innvik.

Forårsudstillingen (Spring exhibition) er den største og viktigaste samtidskunstutstillinga i København og har eksistert i 157 år . Det var heile 696 kunstnarar frå heile verda som søkte om å få delta på utstillinga i år. Av desse vart det valt ut  49 bidragsytarar som viser totalt 73 verk.

- Det er veldig spesielt å bli valt ut til ei slik stort utstilling, derarbeidet berre på opninga blir sett av fleire tusen menneske. Det er også veldig kjekt at tekstilkunst har fått så stor fokus i samtidskunstscea, seier. Kristina D. Aas.

Verka på Forårsudstillingen 2014 er valt ut av ein internasjonal jury samansett av kurator Esperanza Rosales (US/NO), kunstnar Malene Landgreen (DK), kunstnar Jonas Raam (SE), arkitekt Morten Meldgaard (DK) og designer Marie-Louise Kristensen (DK). I tillegg til sjølve verkutveljinga har juryen også nominert 10 kunstnarar til årets tre juryprisar. Desse vert kunngjorde i samband med utstillingsopninga.

København: Kristina D. Aas deltek på den store Forårsutstillingen i København med teppet "Draperi", vevd hos Innvik Sellgren i Innvik. Foto: Privat