Ordførar Sven Flo meiner at valet av Hafast aukar sjansane for at regjeringa vel  indre alternatiiv i Nordfjord.

- Etter å ha høyrt presentasjonen i Ålesund måndag kveld, er eg styrka i trua på at dei kjem til å la E39 gå via Kvivsvegen og fjordkryssing Svarstad - Frøhollm, seier Sven Flo til Fjordingen.

- Kva byggjer du din optimisme på?

- Mellom anna på det som vart sagt om kor viktig det er å ha god framdrift på bygging av ferjefri E39. 14. juni opnar samferdsleministeren Hjartåbergtunnelen på Kvivsvegen. Då vil halve E39 etter indre line vere ferdig. Ein har også kjent teknologi til å byggje brua mellom Svarstad og Frøholm.Eg meiner vidare at  det må telje sterkt når 61 av 83 fylkestingsrepresenatntar i dei to fylka går for indre - og at berre 5 frå Sogn og Fjorddane røysta for Stigedalen. Eg trur også at regjeringa legg vekt på at ny veg etter indre line knyter saman indre Nordfjord med Gloppen, Jølster og Førde til ein felles bu- og arbeidsregion. Når det  gjeld den næringsmessige sida av saka, ser eg mange fellestrekk mellom Hafast og indre line i Nordfjord, seier Sven Flo.