Eid-ordførar Alfred Bjørlo er krystallklar på at han no meiner all logikk tilseier at valet av E39-trasé gjennom Nordfjord fell på midtre linje. Dette må vere den logiske konsekvensen etter at Hafast vart valt som alternativ på Sunnmøre, meiner han.

- Eg forventar at regjeringa ikkje legg to ulike logikkar til grunn for val av trasé. Først eit val der ein legg vekt på samfunnsutvikling av regionen på Sunnmøre, og deretter eit val om å byggje seg raskast muleg gjennom Nordfjord. No må det leggast vekt på å velje eit alternativ som tener regionen best i høve samfunnsmessig utvikling også her. Og då bør valet falle på midtre linje, seier Bjørlo til Fjordingen.