Næringslivsmannen John Olav Lefdal med 21 roller (i fylgje proff.no) i norsk næringsliv har godt fotfeste i både Stryn og Eid kommunar. Trass i at E39 over Hareid vil gje nokre minutt lengre reisetid, synest han at regjeringa sitt val for E39 på Sunnmøre var bra:

-Det er positivt for heile den vanvittig store marknaden på Ytre Sunnmøre. Det er mange der ute som får nytte av vegen for uttransport av det store volumet dei produserer på ein grei måte.

-Kva med E39 gjennom Nordfjord?

-Mitt ønskje er at det så raskt som råd vert bygt tunnel gjennom Utvikfjellet og at Olden-Innvik vert opprusta. Dette samstundes som det vert bygt bru Lote-Anda for ferjeavløysing. Då kan både indre og midtre bli fornøgde, seier Lefdal. Han legg ikkje skjul på at midtre også er ein fordel for distribusjonsselskapet hans på Nordfjordeid:

-Midtre er ein fordel og det opnar også mulegheiter nordover gjennom eventuelt  samarbeid med Sylte og Ringnes på heile søre Sunnmøre. Kviven er komen. Det er elles slik at alle ser fordelane i forhold til der dei bur. Det har vore direkte skadeleg at lokaliseringa av E39 ikkje er avgjort raskare. Eg er nordfjording. Vi må gje og ta. Greier vi ikkje å samarbeide, vil vi tape meir og meir terreng i næringslivet, seier John Olav Lefdal. Han legg til at han på sikt ser føre seg at to bruer over Nordfjorden kan avløyse tre ferger.