42 bilførarar fekk ein dårleg start på påska då dei onsdag kveld vart stoppa av UP i 50 km/t-sona i Mogrenda i Eid. Sjåføren som vart målt til 84 km/t, fekk inndrege sertifikatet. Høgste fart mellom dei 41 andre som køyrde for fort, var 75 km/t.