Store mengder tømmer som vart sopt på Hornindalsvatnet under kjemperaset i Skredestranda, ligg framleis langs strendene. Noko som medfører risiko for båtfolket.

- Tømmeret  flyttar på seg når det bles. Det såg vi eksempel på sist veke. Dermed kan det ligge digre stokkar i vasskorpa, noko som utgjer risiko for ferdsla på vatnet, seier Ståle Hatlelid, einingsleiarutvikling i Hornindal kommune.

- Kva skjer med oppryddinga?

- Eg har purra og ventar tilbakemelding på korleis dette arbeidet skal finansierast. Fleire grunneigarar som har vendt seg til kommunen, vil ha klarlagt kostnadsdekninga før dei set i gang arbeidet.

- Kor store summar snakkar vi om?

- Eg har laga eit oppsett som viser at oppryddinga kjemp på ca 230.000 kroner. Spørsmålet som må avklarast, er korleis dette skal dekkjast, sluttar  Hatlelid.