Samarbeidsutvalet ved Tonning skule ber kommunen avvikla ordninga med bruk av Storesunde skule. Dei oppfordrar i staden til at det vert sett fortgang i planane om å byggje ut sentrumsskulen.

- Ordninga slik den har vore i skuleåret 2013/14, er inga god løysing. Spesielt ikkje for 1. årstrinn. Desse elevane treng trygge og føreseielege rammer, god struktur og vante tilhøve. Det er heller ikkje optimalt for dei andre trinna eller for lærarane, konkluderer samarbeidsutvalet ved Tonning skule.

Skule-og kulturutvalet skal på møtet tysdag 22. april evaluere ordninga med bruk av Storesunde som avlasting for Tonning skule.