Skjærtorsdag opna den store utstillinga "SABOTasje" i Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Bak utstillinga står elleve anerkjente testilkustnarar - alle med tilknyting til Innvik Sellgren. Fem av dei var med på opninga.

- Det er storarta å kunne presentere tekstilkunst i verdsklasse i eit slik unikt bygg, uttalte initiativtakar Kristina D. Aas til Fjordingen.

Like oppglødd var Arlen Bidne frå fylkeskommunen.

- Tekstilkunst og gamle bygg er mine favorittar. Her får eg begge deler - fantastisk tekstilkunst i eit bygg med sjel. Det er utruleg flott at vi har folk som kan få til noko slikt i vårt fylke, sa Arlen Bidne etter å ha føreteke den offisielle opninga av "SABOTasje".

Tone Barnung, Ingeborg Annie Lindal, Kiyoshi Yamamoto, Karina Siegmund og Kristina D. Aas var tilstades under opninga. Dei seks andre som stiller ut er Kari Dyrdal, Jeanett Goodwin, Elin Igland, Hilde Hauan Johnsen, Kari Merete Paulsen og Jon Pettersen.