Natt til langfredag i 00.30-tida vart politiet tilkalla etter at ein person var blitt slått og sparka av to andre personar i Stryn sentrum.

- Fornærma oppsøkte legevakt, og dei to mistenkte vart kontrollert av politiet. Saka vert anmeldt og vidare etterforska av Stryn og Hornindal lensmannskontor, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt.