Arvid Hatledal i Turløyper Stryn har lagt til rette for eit løypeeldorado i fjellet. Både i dei faste turtraseane og vidare oppover i høgda vert det meldt om flotte forhold. Hatledal har mellom anna køyrt løyper til Blånibba, til Nordalen og opp under Gulekoppen.

- Tonningsetra er nok det beste utgangspunktet, men der er det litt smått med parkeringsmulegheiter. Men frå skisenteret skal ein ikkje gå meir enn hundre meter forbi hyttefeltet Hydla, så er der snø og løyper. Også frå Ullsheim går fint, men der er det litt på-av med skia i starten -men frå Turrhåjen er det veldig fint, fortel Hatledal.

Han melder om ein strålande gårsdag med mykje folk i fjellet.

- I går då eg var ferdig med preppinga var det som ei maurtue i området ved Holsetra. Eg hadde kanskje ikkje trudd det skulle bli den store utfarten i påska i år, men då var det desto kjekkare å sjå at så mange fann vegen ut, seier Hatledal.

Folksamt: Mange fann vegen ut Langfredag. Her ved Holsetra. (Foto: Turløyper Stryn).