Det seier løparen med stor L i indre Nordfjord, Inge Asbjørn Haugen. Den spreke løpsveteranen frå Hornindal, som har over 450 maraton på samvitet, spring 2. påskedag Drammen Maraton. Det blir det sjuande maratonløpet denne sesongen.

Formen melder han som sagt å vere betre enn på lenge, og førre helg sprang han i til årsbeste på 3.55.44 då han deltok i Hitra maraton. Ei tid som var berre 22 sekund bak bestenoteringa i fjorårssesongen.