Stryn pistolklubb har teke opp att aktiviteten og Skjærtorsdag avvikla dei sitt første stemne på mange år. Elleve utøvarar hadde funne vegen til skytebana i kulturhuset.

Steffen Berstad fortel at tevlinga var lagt opp med to skytingar, kvar på ti skot. Første skyting hadde ein god tid på, og måtte gjennomførast innan to minutt. Den andre skytinga måtte derimot skje innan 30 sekund.

- For nokon vart dette meir hektisk, men du kor moro vi hadde det, seier Berstad.

Resultatlista vitnar om jamn konkurranse i toppen, der vinnaren til slutt vart gjesteskyttaren frå Vågsøy Sportsskyttarlag, John Marriot. Helene Gundersen var den einaste kvinnelege deltakaren.

Resultat:

Kvinner:

138 poeng: Helene Gundersen (Stryn)

Menn:

171 poeng: JohnMarriott (Vågsøy Sportskyttarlag)

171 poeng: Eivind Tonning (StrynPK)

171 poeng: Tor Martin Kandal (Stryn PK/NVSSL)

161 poeng: SalveNesdal (Stryn PK)

159 poeng: Lasse Nedreberg (Stryn PK)

150 poeng:Steffen "Papi" Lorenzo Berstad (Stryn PK / NVSSL)

149 poeng: OddSolheim (Stryn PK)

147 poeng: Olav Rune Heggestad (Stryn PK)

141poeng: Bjørn Petter Vengen (Vågsøy Sportskyttarlag) 117 poeng:Sindre Grønfur (Stryn PK)