Ekteparet Berit og Sverre Jørgensen frå Hovdebygda har i meir enn tjue år vore på plass ved Stryn camping når kalendaren syner påske. Då startar campingsesongen for dei to.

- Frå då er vi her jamt i helgar og feriar, og avsluttar med Strynemesse- helga, fortel Berit. Sidan 1992 har vogna hatt fast tilhaldsstad på campingplassen i sentrum.

- Då ungane vart store og ikkje lenger ville vere med oss på tur, slutta vi å farte rundt med vogna, seier Sverre.

- Alle mulegheiter

Når Fjordingen kjem på besøk er både påskeegget og påskeliljene på plass på terassen utanfor den sju meter lange vogna. Her har ekteparet Jørgensen kosa seg sidan onsdag.

- Her har vi alle mulegheiter med fjell og fjord og butikkar. Eg har hatt handleturen min, og då er det gjerne Skogstad og Ommedal eg besøker, seier Berit.

Med Kvivsvegen vart det endå lettare å ta seg til fristaden i Stryn.

- Eg seier på spøk at vi er vortne halvt stryningar, flirer Berit.