Fjordingen sin spreke medarbeidar, Unni Skåre, tok i dag dette bildet då ho passerte sommarskisenteret på Tystigen på ruta frå Breidalen, opp til Opljosvatnet, forbi Langevasseggja og ned til Videseter.

Sjølv om det på bildet ser snørikt ut, er det som Fjordingen skreiv for litt sidan, høgst usikkert om det blir opning av trekket i år. Uansett vert det kun stolheisen, i følgje styreleiar Ola Flo.

Så om sprekingen Skåre kan reise tilbake hit om ein god månad for sommarskikøyring står att å sjå.