Stryn sitt damelag i fotball skriv måndag historie når dei spelar klubben sin aller første 2.- divisjonskamp for kvinner på Stryn stadion. Laget rykka opp frå 3.divisjon i fjor og i morgon kjem Tynset på besøk i serieopninga.

Tøffe motstandarar

- Ein del har tippa Tynset høgt oppe på tabellen, men eg veit ikkje så mykje om dei, seier trenar John Os. Han og jentene er nettopp tilbake frå ei veke med treningsleir i Tyrkia, og er no klare for å sparke i gong sesongen.

- Ja, no gledar vi oss til å kome i gong. Vi er veldig gira på det - både spelarar og trenarar, seier Os.

Han innrømmer at det sitrar i kroppen dagane før det brakar laust. Han veit det er tøff motstand i vente.

- Vi har spelt nokre treningskampar og merkar vi er ein divisjon opp tempomessig. Trondheimslaga i avdelinga blir nok dei tøffaste. Å halde seg i divisjonen blir eit naturleg mål i år, seier han.

Lange reiser

Stryn søkte sjølve om å få tilhøyre avdelinga med lag frå Møre og Romsdal og Trøndelag.

- Det har først og fremst med reising å gjere. Eigentleg kjem vi under avdeling med Hordaland og Rogaland. Då hadde Bergen blitt næraste bortekamp, og vi måtte reist fire gongar til Stavanger. No har vi Hødd og Volda i avdelinga, seier strynetrenaren.

Troppen tel 19 spelarar og alle med unntak av ei er på plass i sesongstarten.

- Vi har slite litt med sjukdom og skadar i vinter, men no skal alle vere friske, seier Os, og legg til.

- No får vi gjere vårt beste og sjå kor langt det rekk.

Laget: Bak f.v.: Anna Hofseth, Tove Hjelle, Marte Kroken, Mia Sæbø, Mona Myklebust, Hanna Tenden, Kristine Erdal, Pernille Flo, Sofie Lunde. Framme f.v.: Eline Nesdal, Tonje Stølen, Ingrid Øvreberg, Elin Håberg, Dagny Sæten, Anja Tomasgård, Nadia Kvamme Alim, Kristina Flo Liggande: Lena Lunde Vinsrygg. Ikkje til stades: Tonje Fannemel