Det seier Are Bergheim ved Grotli Høgfjellshotell. Og då siktar han særleg til aktiviteten som var rundt hotellet langfredag. Då var det fullt av folk både i skitrekket og i fjellet elles.

- Det var reinaste Karl Johan opp til Skridulaupen den dagen, er karakteristikken frå Bergheim.

Men også 1. påskedag var det byrja å sige på godt med folk då Fjordingen vitja Grotli.

- Påskedag kan bli litt anten eller. Det er gjerne ein dag folk reiser heim frå ferien, men med slikt vær så velger nok mange å bli ein dag ekstra -ja, kanskje blir det bra i morgon også med dei flotte meldingane som er, seier Bergeheim.

Han merkar elles godt at påskevanane til folk har endra seg mykje opp gjennom.

- Det er noko heilt anna no. Før bestilte folk opphald ved hotellet i minimum sju dagar, og ofte opp i ni og ti. Medan no er det fleire og fleire som spør etter ein- eller todagars opphald. No står kanskje valget mellom New York eller Grotli, og så er det langtidsvarselet som bestemmer kvar ein reiser, seier Bergheim.

Langtidsvarselet for Strynefjellet burde i alle fall tale for godt besøk siste del av påska i år.

Stor aktivitet i skibakken 1. påskedag.
Stein Are Bergheim er driftsansvarleg for skiheisen. Her frå toppen av trekket.