- Ein må gå litt frå snøflekk til snøflekk og av og til må skia av, seier Helge Skram. Han er akkurat komen tilbake frå Snøfjellet (1.040 m.o.h.) når Fjordingen sin utsende kjem til skiløypa på Utvikfjellet. Ei løype kor snøen minkar for kvar time som går i den varme vårsola.

Men Helge er ikkje åleine om å nyte finevêret - og nytte siste snørestane. Det kjem jamt med folk frå fjellet på begge sider av riksvegen.

Pål Sandal og sonen Jørgen Aa Sandal kjem dragande med pulk gjennom det som er like mykje jord som snø i nedre del av skitrekket. Dei har vore til Støyvastøylen og Skavegga. Mor og eldre søsken er på veg ytterlegare innover fjellheimen til Svartebotnen.

- Det var nok litt tettare med folk her i fjor, men eg såg det var ein del svarte flekkar innover fjellet no også, seier Sandal, og siktar til skiløparar som var på veg i retning Snønipa. For han var dette første skituren denne påska.

- Men det teiknar til å bli ein tur i morgon også, seier han, og myser mot den steikande sola.

Helge Skram hadde brukt 1. påskedag til ein tur på Snøfjellet. I bakgrunnen ser vi Fløtrevarden.