Politiet har vore flittige med både promillekontrollar og fartskontrollar så langt i påska. Det vert derimot meldt om lite bøtlegging. I ein farts- og promillekontroll i Stryn sentrum søndag var det ingen som bles raudt, og berre ein førar vart ilagt bot for å ha køyrt for fort. Denne køyrde 75 km/t i 50-sona.