Stryn sitt damelag i fotball fekk eit tøft møte med 2.divisjon måndag. I sesongopninga mot Tynset vart det tap 1-4, og første tre måla kom etter berre vel tjue minutt spel. Ingrid Øvreberg sette inn Stryn sitt mål etter 36 minutt, før Tynset scora sitt, og kampens siste, like før kvilen.

Men strynejentene heldt motet oppe, og det vart ein atskilleg meir jamnspelt andre omgang, som altså enda mållaus.