Det er ikkje tvil om at årets påske har vore roleg for det lokale hjelpekorpset.

- Det har ikkje vore anna enn kaffikoking,  er Linda Haugen Bøe si humoristiske oppsummering av påska.  Ho er leiar i Stryn Røde Kors Hjelpekorps, som sidan 1977 har hatt beredskap ved Spjelkebu på Tverrfjellet.

- Eg har aldri opplevd ei så stille påske. Før har det i alle fall vore spørsmål etter eit gnagsårplaster om ikkje anna, flirer Bøe.

Spelar ei rolle likevel

Korpsleiaren trur snøtilhøva er årsaka til ei usedvanleg roleg påskehøgtid.

- Det har vore veldig lite utfart her nede ved hytta. I år må ein høgare opp i fjellet for å finne skiforhold, og då er det gjerne dei med noko meir treningsgrunnlag som er ute på ski, trur Bøe.

Ho føler likevel dei fyller ei viktig rolle.

- Her kjem ein del tilhengarar og kjentfolk innom for ein kaffi og ein prat. For nokon trur eg at besøket på hytta er viktig motivasjon for turen, så ein skal ikkje undervurdere den biten heller, seier Bøe.