Det er framleis fantastiske forhold for utandørsaktivitetar i indre Nordfjord. Dei høge dagtemperaturane skal halde seg, og det er også håp om sol i morgon, sjølv om det blir litt meir skya.

Både store og små har nytta høvet til flotte turar dei siste dagane. Dette nydelege bildet er frå Snønipa, teke av Weronika Nitsch frå Oldedalen.