Fjordingen får tilsendt mange fine bilete, og no innbyr veret til mykje fotografering. Hildegunn Hatledal har sendt oss dette vakre april-biletet som viser at det livnar i lundar og lauvast i li.

Fineveiret ser ut til å halde fram også komande helg. Skiløypene på Tverrfjellet blir i varmen brått avløyst av fine flistrasear for dei som vil gå tur eller jogge. Med andre ord kan det bli tidleg sommar i år om ikkje tilbakeslaget kjem brått og brutalt.

Mars måndag vart elles registrert som den tredje varmaste mars i landet sidan 1900. April kan også kome høgt opp på lista.