Turløyper Stryn har parkert maskinane og merkestikkene. No ventar dei på at dei fine flisstiane skal bli snølause. Og medan vi ventar slår Hildegunn og Arvid Hatledal eit slag for Den Trondhjemske Postveg.

-Det er ei vidunderleg tid ute. Frå Faleide går den gamle vegen opp bakkane til Markane, kryssar vegen mot Blakset, vidare til Langeset og Myrhaug. Derfrå går vegen i Sør-Markane mot Sindre, vidare over dei fine steinbruene, frå Øyebakken på nordsida av Hornindalsvatnet mot Kjøs. Ein tek av vegen ved hyttefeltet og over Kjøshammartunnelen og vidare til Svor.

-Ein treng sjølvsagt ikkje gå heile lengda. Frå ungdomshuset Skogsterna ved Langesetvatnet, til Faleide er det ca. 8 kilometer. Ein fin tur for folk i alle aldrar, seier Hildegunn og Arvid Hatledal.

Kvileplass langs Den Trondhjemske Postveg med utsikt over Langesetvatnet. (Foto: Turløyper Stryn)