13. mai er det opning av Vikingstad Oppstryn år 800, og no er programmet klart, opplyser dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas som håpar på godt frammøte.

-No har vi både nasjonalpark og vikingstad i Oppstryn. Vi ønskjer velkomne til vårt gilde ved vår nye rasteplass for nasjonalparken med vikingsskip og småbåtar på "fjorden" som serverings- og rasteplass, der vi etablerer seks nye opne utandørs toalett saman med ny butikk for drifting av plassen som også skal selje småskalamat og produkt frå distriktet, samt selje Adventure-produkt og drive informasjon om naturen og overnatting/aktivitetar, seier dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas.

Ho legg til at ein viking frå Stryn skal framføre Håvamål, Elin Grytting skal ha kulokk og Arve Henriksen skal presentere f jordlydar og brelydar på trompet. Dei arkeologiske funna av ringtunet der det var høvdingsete i år 800, blir også presentert. Ei rekkje representative personar skal framføre taler mellom lesestunda frå Håvamål og musikken som vert ettefylgt av serveringa.