Prosjektleiinga for Arena Stryn på Tonningsleirane ønskjer å kome ned på jorda så raskt som råd. Torsdag orienterte idrettslagsleiar Jonn Beinnes, arkitekt Tore Geir Aaland og prosjektleiar Kjell Opheim Stryn kommunestyre om planane.

Utbyggingsplanane på Stryn stadion inneheld fleirbrukshall, basishall og eit næringsbygg med idrettsfunksjonar også i 2. etasje. Totalt dreier det seg om ein bygningsmasse på ca. 8.000 kvadratmeter der fleirbrukshallen utgjer omlag 3.000 kvadratmeter.

Heile anlegget er kostnadsrekna til 62 millionar kroner. Opheim kunne på møtet fortelje at Toyota Nordfjord er den aktuelle næringsinteressenten i prosjektet, og at dei endelege avtalene etter planen kjem på plass i mai. Vidare skal prosjektgruppa ha møte med sentrale personar i Kulturdepartementet og dei skal også stille på politikardag i Hermansverk.

Prosjektgruppa la ikkje skjul på at dei trong velvilje frå Stryn kommune. Eigenkapital i prosjektet er på rundt 18,5 millionar kroner, og det må skaffast ei toppfinansiering på rundt 10 millionar kroner.