Stryn ungdomsråd som skal vere talerør for ungdomen i Stryn,  saknar spørsmål  innspel frå det politiske miljøet. Dette kom klart fram då leiar Elin Håberg og sekretær Miriam Flo møtte kommunesyret torsdag. Med andre ord må dei som sit med styringa bli flinkare til å ta kontakt i viktige spørsmål for ungdomen. Prosjektet om Attraktive Stryn, var eitt døme der ungdomen venta å bli kontakta.

Ordførar Sven Flo vedgjekk at det var eit slikt prosjekt på gang som også innebar å levere gode kommunale tenester og rekruttere folk til kommunen.

-Ungdomsrådet skal også blir ein "sparringpartner" her, lova Flo.

Anders Magne Vik (Frp) hadde gjerne sett at fleire ungdomar melde seg inn i politiske parti, men fekk til svar at det var partia sjølve som måtte initiere dette. Ungdomsrådet skal vere politisk nøytralt. Dette vart også understreka av ordføraren.