Stryn kommune aktar å slå eit stort slag for grunnlovsjubileet 17. mai. I Stryn kulturhus skal det bli flott program, utstilling og dans. Det er kommunen saman med frivillege som går i bresjen for dette i eit program som skal spegle historia vår gjennom 200 år.

Innslag frå korps og kor, sketsjar, framvising av bunader og folkedrakter, er noko av det som står på menyen. Det blir også ei fllott utstilling og til slutt dans i foajeen etter programmet.