Cruiseskipet «Legend of the Seas» opna årets cruisesesong i Olden i dag med 1809 passasjerer ombord og eit mannskap på 752. 75 cruiseskip kjem til Olden i løpet av året. Europas største cruiseskip «Independence of the Seas» kjem også på gjenvisitt til Olden 21. mai. Kaia i Olden har mange store cruisedagar denne sesongen. 16. juli vil ein ha det største antal passasjerar til kai med både "Celebrity Eclipse" og "Balmoral" som har tilsaman om lag 5.000 gjester.

24. juli, 30. juli og 9. september er der også to og tre skip i Olden. Av nye skip er det interessant at fleire luksusskip ser ut til å legge turen inn den 106 km lange Nordfjorden. Le Austral, Silver Explorer, Seabourn Quest, Seabourn Legend og Europa er alle i luksusklassen og besøker Olden for første gong i år.

Olden får i år besøk av åtte skip som aldri før har besøkt destinasjonen. Vi får og gleda av å sjå Queen Mary 2 i slutten av mai. Med sine 344 meter er ho eit staseleg skip med elegante linjer.

Frå plakettseremonien ombord i skipet. Frå venstre: Hamneagent Egil Totland, skipets kaptein, den nye hemnedirektøren Trond Garshol, Beate Vik Hauge i Resiemål Stryn & Nordfjord, driftsleiar i Nordfjord Havn, Sølve Oldeide og nestkommanderande på skipet . (Foto: Legend of the Seas.)