Campingplasseigar Rolf Kobberstad ropar eit kraftig varsku når det gjeld drivtømmer på Hornindalsvatnet. Dette er resultatet av at ein ikkje har klart å rydde opp dei enorme mengdene med skog som vart sopt på vatnet i det store raset i Skredestranda 15. november 2013.

- Det ligg store menger rastømmer langs strendene. Når vatnet veks opp og det er frålandsvind, vert store tømmerstokkar liggande i vassskorpa. Dette utgjer ein stor risiko for båtfolket, understrekar Kobberstad.

Fredag og i helga låg det store stokkar ute i vatnet.

- Farlegast av alt er det ein ikkje ser. Det blir nesten som isfjell, forklarar campingplasseigaren på Grodås.

Langs Hornindalsvatnet ligg enorme mengder drivtømmer. Foto: Harald Vartdal
Ofte er det berre eit bitteliten del av tømmeret som stikk over vasskskorpa. Foto: Harald Vartdal