-I dag markerer vi at endå ein viktig parsell på vegstrekninga Olden – Innvik er opprusta til dagens krav og standard, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes då ho drog kniven og kutta snora som stod som siste stengsle for trafikk gjennom Agjeldstunnelen.

Etter signal om mindre pengar til fylkeskommunen er det sett full stogg i arbeidet med vegbygging, men fylkesordføraren har bede om møte med samferdsledepartementet for å diskutere korleis dei raskast mogeleg kan få opprusting på resten av strekninga.

-Mi forventning er at vi skal få ei god, snarleg løysing, sa Kjelsnes.

Det var tale ved ordførar Sven Flo, musikk ved Arne Sølvberg og orientering om anlegget ved avdelingsdirektør Nils Magne Slinde før snorklippinga. Det danna seg lange køar på begge sider på den vesle halvtimen før endeleg opning. Noko som meir enn mange ord illustrerer at det hastar å kome vidare.