Sjåføren som køyrde utfor rv 15 ved Grotli tysdag kveld og sat fastklemd i vogntoget i to timar vart utskriven frå Ålesund sjukehus torsdag.

- Han er mørbanka men elles like heil, fortel arbeidsgjevaren hans i Flåten Termotransport, Ragnvald Flåten.

Flåten har fem vogntog som køyrer kjøtvarer frå Nordfjord Kjøtt på kontrakt for Thor Tenden Transport. Det var det eine av desse vogntoga som gjekk rundt og vart smadra. 15 tonn kjøtvarer vart destruert etter ulukka.

- Eit vogntog og kjøtvarer kan erstattast. Det kan ikkje ein mann. Når vi ser vraket i ettertid, er det heilt utruleg at sjåføren slapp frå utforkøyringa i live. Endå meir utruleg at han knapt pådrog seg skade, seier Ragnvald Flåten og Rolf Olav Tenden.

Dei prisar seg lukkeleg over at det trass alt gjekk så bra, at sjåføren var åleine i bilen og at vogntoget ikkje møtte andre bilar då det først gjekk ut i grøfta på høgre side og deretter over vegen og ned i venstre grøftekant - opp ned.

- Sjåføren får tilbod om bistand frå Kollegahjelpa i regi av Norges Lastebileigarforbund etter den fryktelege opplevinga. Alle våre sjåførar har fått informasjon om ulukka både med formaningar om å køyre forsiktig og med beskjed om å sjå vraket. Det viser til fulle kor ille det kan gå. Og heldigvis også kor heldige ein kan vere, seier Rolf Olav Tenden og Ragnvald Flåten.

Dei begge karakteriserer vraket som noko av det desidert verste dei har sett.

- Det er såvidt plass til ein person i det vesle rommet som er att i den knuste førarhytta. Hadde passasjeren hans som ofte er med vore med denne gong, hadde utforkøyringa fått eit heilt anna utfall, seier Tenden og Flåten.

Les meir i Fjordingen si papirutgåve fredag.

Det vraka vogntoget ved sidan av ein identisk Scania trekkvogn viser omfanget av skadene - og det utrulege at sjåføren overlevde. Foto: Bengt Flaten
Førarhytta er helt smadra, og aller mest på passasjersida. Foto: Bengt Flaten