Politiet opprettheld beredskapen i Nordfjord. Etter at terroralarmen gjekk torsdag vart det bestemt at politifolk i distriktet skulle bere våpen.

- Beredskapen kjem til å bli oppretthalden. Vi kjem framleis til å ha væpna patruljar som vil vere ute og patruljere på ulike stader i distriktet, seier lensmann i Stryn og Hornindal, Inger Lill Lanes.

Særleg stader der mykje folk ferdast eller samlast vil bli patruljerte hyppig.

- Vi kjem til å halde beredskapen på dette nivået i alle fall over helga, seier lensmannen til Fjordingen.