Dei mange omreisande som har ringt på dører dei siste vekene for å tigge eller selje ting, kan ha utgitt seg for dørseljarar i ein fordekt rekognosering med tanke på framtidig tjuveriraid. I følgje lensmann Inger Lill Lanes er det mykje som tyder på at det har vore to grupper i aksjon samtidig. Den eine gruppa på ni personar vart førre veke henta inn til avhøyr av politiet. Alle er registrerte som mobile vinningskriminelle.

- Det er viktig at folk låser bilar, garasjar og uthus og set verdigjenstandar som syklar, motorsager, reiskap og anna utstyr ute av syne for folk. I motsett fall kan det verelett byte, seier Lanes.

Tilfeldigheitene gjorde at ho sjølv hadde besøk av ein av dei omreisande vinningskriminelle dagen før dei vart henta inn til politiavhøyr.

- Kvinna som ringte på hos meg fekk eit kontant nei. Trass hunder på tunet brukte ho god tid til å sjå seg om før ho gjekk. Tidlegare erfaring tilseier at vi må følgje med og passe på tinga våre. Det er heller ingen grunn til å tru på historiene dei presenterer om eigen sjukdom eller at borna deira er sjuke, åtvarar Lanes.