Med ny gangveg, nye bustadtomter og litt profilering frå kommunen si side, skal Holmøyane bli ein endå meir attraktiv stad å bu.

Heile bygda hadde møtt fram då det var klart for offisiell opning av den nybygde gangvegen i Holmøyane på laurdag. Vegen har blitt til etter stor dugnadsinnsats i den vesle bygda. Idrettslaget har stått i spissen for arbeidet, saman med grendalaget.

– Denne vegen er laga for alle som vil bruke den. Det er eit tiltak som er med på å auke trivselen i bygda og vi håpar at det vil gi meir aktivitet blant innbyggjarane, seier Jon Martin Holmøy, leiar i Von idrettslag.

Skal bli endå lengre

Den om lag 800 meter lange gangvegen er eit viktig tiltak, og gjer at innbyggarane kan ferdast i bygda utan å gå på hovudvegen.

- Å kome seg vekk frå hovudvegen har vore viktig, den er veldig trafikkert og utan lys og gangveg. Den nye vegen knyt bygda tettare i hop og folk kan gå til kvarandre utan å gå på hovudvegen. Spesielt for borna i bygda er dette veldig bra, seier Holmøy.

Dette er berre første del av ein lengre gangveg. Vegen skal nemleg fortsette ut langs vatnet, heilt til Holmøy arbeidsskule.

- Vi ventar berre på finansiering. Når det kjem i orden skal resten av vegen byggjast, fortel leiaren i idrettslaget.

Har tomter klare

Grendalaget har og jobba på dugnad for å få på plass eit nytt byggefelt i Holmøyane. No er dette klart, og saman med ny veg, håpar Holmøy at det vil bli meir attraktivt å busette seg i bygda deira. I følgje han er det alt selt fire tomter i det nye bustadfeltet.

- Det er ikkje til å kome i frå at det har minka med folk i bygda, men no er det i ferd med å snu. Vi håpar at fleire yngre folk vil kome å busette seg her, seier Holmøy.

Det er og kome på plass eit nytt industriområde. Her håpar dei at fleire bedrifter vil etablere seg. Per Røyrhus AS er allereie på plass.

Ordførarar møtte opp

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, var med på opninga på laurdag. Då lova han Holmøybuarane at Eid kommune skal profilere bygda deira betre.

– Gåva i dag er at vi går ut og profilerar Holmøyane som plass å bu i Eid. Vi går ut med at det finst ledige bustadtomter her. Vi skal bli mykje flinkare til å løfte fram Holmøyane som ein plass å etablere seg, seier Bjørlo.

Set pris på naboane

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel representerte Hornindal under opninga.

– Eg er her for å vise at vi pris på naboane. Dette er eit veldig flott område, seier han.