Monica Beate Myklebust Hesjedal (32) har flytta tilbake til heimbygda Ulvedal. Fysioterapeuten startar i desse dagar eigen praksis, og eit av spesialfelta hennar er kvinnehelse.

- Ja, eg har bygd opp ein ganske god kompetanse på det området. Med kvinnehelse tenkjer eg til dømes opptrening og førebygging i samband med svangerskap, seier Hesjedal. Ho har ikkje berre fordjupa seg med ekstra kurs på dette feltet, men har som trebarnsmor sjølv kjent på nytten og effekten av trening under og etter ein graviditet.

Gruppetreningar

- Ein kan gjere veldig mykje sjølv om ein er gravid. Med trening kan ein førebyggje både inkontinens, overvekt, bekkenrelaterte plagar og svangerskapsdiabetes, forklarar Hesjedal. Ho er også godt i gong som instruktør på Gym Stryn der nettopp barselgrupper og gravide er viktige målgrupper for hennar treningar.

- Dette er eigentleg det eg har drøymt om, å kombinere individuell behandling med gruppetreningar. Det er kjekt å kunne inspirere mange, seier ho.

- Ikkje slite sofaen

Hesjedal sitt engasjement for kvinnehelsa er musikk i øyrene til jordmor i Stryn, Anne-Karin Andresen.

- Eg oppfordrar til minst 30 minutt aktivitet kvar dag, seier ho, og peikar på fordelen med god kondisjon og styrke - både før, under og etter ein fødsel. Ho merkar at helse og graviditet har større fokus no enn tidlegare, og tykkjer det i all hovudsak er veldig bra.

- Ja, ein er blitt mykje meir bevisst på dette. Det er nesten slik at det av og til kan bikke andre vegen. Ein skal tillate seg å vere gravid, også ta det roleg i tida i barsel, men ein treng ikkje sitje og slite sofaen, seier Andresen. For dei som treng ekstra oppfølging er det særleg bra med kompetansen til slike som Hesjedal, meiner ho.