Innvikjenta Silje Nesdal sin prototype med handblåste designlampar og sjølvlaga lyskjelde vekte stor merksemd på designmessa "100% Norway" i Øst-London. Superlativa har vore mange i store fagmagasin. "Dette er det nye trendy kunsthandverket", skriv eitt magasin der Silje sitt produkt vert omtalt saman med nokre få andre. Eit anna magasin kallar det for "norsk designsuksess".

Saman med Tonning & Stryn

Silje var ikkje åleine frå Nordfjord på utstillinga. Tonning & Stryn var representert meds Silje Vollan og Svein Nore. Dei viste mellom anna fram både produkt, deler og verkty for å setje saman den nye designstolen designa av Andreas Engesvik. Det var også to andre deltakarar frå Sogn og Fjordane.

Silje Nesdal er sjølv godt nøgd med besølet i London:

- Ei utruleg flott utstilling med flinke folk som stod bak alt vi fekk sjå.

Sling i tre fargar

- Kan du seie litt om ditt eige produkt?

- Lampene som heiter "Sling" har eg fått handblåst i Norge av Vidar Koksvik frå Sunnfjord som har studio i Bærums Verk. Det er tre forskjellige fargar, blåaktig, røykgrå og hudrosa, og lyskjelda har eg laga sjølv. Ein må vere litt elektrikar også, smiler Silje. Det er nytta ledlys i lampen som er 26 centimeter i diameter.

- Og responsen har vore god?

- Har fått spørsmål også frå butikkar, ja, men dei er ikkje i produksjon ennå. Forhåpentlegvis får eg ein produsent. Det er berre prototypen som er utvikla. Lampene eignar seg i både private og offentlege rom, gjerne med fleire i kombinasjon. Lampene skal vere enkle og ha ei klassisk form, og ledlyset er det berande elementet. Her er ikkje ekstra oppheng.

Til Milano

- Kva for planar har du framover?

- Eg skal følgje litt opp etter London og førebu meg på utstilling i Milano i april. I neste veke skal eg på spennande Work-shop i Sykkylven med møbelbransjen. Det dreier seg om eit pilotprosjekt for eit nærare samarbeid mellom designar og produksjon, seier Silje Nesdal.

- Kva skal du presentere i Milano?

- London og Milano er litt forskjellige messer. I London får du mykje merksemd frå publikum og media. I Milano er det fleire produsentar. Det er litt tidleg å seie kva eg tek med dit. Eg ønskjer å jobbe litt meir mot tekstil framover. Det er den utdanninga eg har i botnen, seier Silje som vart kåra til årets nykommar i den prestisjefylte Bo Bedre Designpris 2015.

Stockholm neste

Silje Vollan og Svein Nore representerte Tonning & Stryn i London og deltok som produksjonspartnar for designarane sine.

- Designar Andreas Engesvik teikna i 2012 ein ny pinnestol for oss, den såkalla Vang-stolen inspirert av Alf Sture sin Ola Vindsor-stol frå 70-talet. Den vart også årets møbel for eit par år sidan. I tillegg til denne hadde vi med Rang-borda våre som er små bord i tre forskjellige storleikar og designa av StokkeAustad. Desse vart for første gong vist på Stockholmsmessa i år.

- Vi hadde også 1036-stolen med som er i produksjon. Dette er ein klassikar, teikna av Alf Sture i 1940 og som vart kjøpt inn av Kunstindustrimuseet i 1943, fortel Silje Vollan.

Også Vollan opplevde utstillinga som veldig positiv:

- Sjølvsagt er målet å gjere produkta kjent i utlandet, men det er ein lang prosess. I februar møter vi opp på messa i Stockholm der vi har vore mange gonger, forhåpentleg for å vise nye produkt, seier Silje Vollan.

Silje Nesdal med sin prototype. (Foto: Privat)