I 1986 vart Strynehallen opna. Dermed fekk også handballen gode forhold. På herrelaget til Stryn var dei fin blanding av veteranar og yngre spelarar. På bildet ser vi laget som vann prestisjeoppgjeret mot Eid - og der Fjordabladet serverte fylgjande tittel: - Stryn vann på større tonnasje.

Stryn Handball har i seinare år vore mellom dei leiande klubbane i Sogn og Fjordane. I år opplever vi det historiske i at både herrelaget og damelaget spelar i 2. divisjon.