Eid vgs. og Stryn vgs. har etablert samarbeid om utvikling og bruk av velferdsteknologi.

– Dette er unikt for vidaregåande skular, opplyste Johanne Elisabett Sørdal då ho og Ove Kjøllesdal orienterte Stryn kommunestyre om samarbeidet mellom elektrolina på Eid og helse- og oppvekst ved Stryn vgs.

Ove Kjøllesdal i Energikompetansesenteret (EKS), poengterte kor viktig det er å utnytte felles ressursar.

– Samarbeid gjev vekst og grunnlag for utvikling, uttalte  mannen bak suksessverksemda Eid Elektro. Som også drog fram det sterke fagmiljøet i Nordfjord innan elektro/automatisering.

- Vi har mykje å vinne ved at næringsliv, utdanning og det offentlege spelar på lag, slo Ove Kjøllesdal fast.

På Stryn vgs. vil det i løpet av hausten bli laga til leilegheit og opplæringsrom der ein vil vise korleis det er mogeleg å gjere seg nytte av velferdsteknologi.

– Dette rommet vil vere ope for alle som ønskjer å sjå korleis ein kan leggje til rette for at folk kan bu i heimane sine lengst mogleg. opplyste Johanne Elisabett Sørdal.

For politikarane i Stryn var det søt musikk å høyre korleis ein kan spare pengar på å gjere seg nytte av velferdsteknologi.

- Gevinsten er stor når vi veit at ein sjukeheimsplass kostar 800.000 kroner per år, sa Johanne Elisabett Sørdal.