- I storbilmiljøet diskuterte vi for ei tid sidan trugsmålet om nedlegging av transportlinja ved Stryn vidaregåande skule nok ein gong. Vi fann ut at vi ville fronte kombinasjonen mellom storbilutstilling, transportfaglinje og Stryn vgs. på ein spesiell måte.

- I fjor gjorde Ødegård som sjølv har bakgrunn i lastebilnæringa,  opptak over festivalplassen som vi var veldig godt nøgd med. Denne gongen ville vi ta det eit skritt vidare, seier Benny Hammer til Fjordingen.

-Ødegård veit kva vi er ute etter. Vi skal vise tyngdepunktet her med storbillar. Vi skal vise lokale bilar på terminalene og sjølve utstillinga. 97-98 % av storbilane på Motorfestivalen kryssar naturleg gjennom her i løpet av festivalveka. Vi treng sjåførar til alt materiellet. Næringa kan ikkje baserast berre på utanlandske sjåførar. Vi treng skulen for utdanning av gode sjåførar.

- Prosjektet kostar?

- Ja, og lokale transportørar har spytta inn midlar. Det same gjer næringa på Eid, Stranda, Sykkylven og Skjåk. Dermed er næringa frå tre fylke med.  Alle stiller seg positive. Det er eit vidt spekter som vil ta vare på skulen for å kunne utdanne sjåførar, seier Hammer.

I tillegg skal det filmast før, under og etter paraden. Alt skal bli til ein klippa og ferdig film på youtube og som kan delast på sosiale media.

Joar Ødegård i Himmelhøgt seier til Fjordingen at dette vert eit spennande prosjekt der han vil innta luftrommet innanfor dei lover og reglar som Luftfartstilsynet set den aktuelle dagen laurdag 6. juni.

Joar Ødegård bak spaken. Foto: Jan Henrik Djupvik/Vikebladet Vestposten

- Det er ein del ting å forhalde seg til. Det skal vere trygge avstandar, og vind og ver er viktige faktorar for filming. Maks  høgde på denne type oppdrag blir dronefilming frå 125 meter og innanfor ein radius på 300 meter. Stryn sentrum er eit fantastisk område å filme i. Sjølve filminga er den enklaste del av jobben. Det er redigeringa som er tidkrevande for å skape den rette stemninga, seier mannen bak enkeltmannsforetaket. Dette er berre hobbyen. Ødegård er i 100 prosent anna arbeid i Ulsteinvik.